Hopp til innhold

Forvaltning skrantesjuke Villrein

Korleis skal villreinen på Hardangervidda forvaltast vidare?

Ei arbeidsgruppe med folk frå ulike organisasjonar og fagfelt jobbar no med å tilrå korleis villreinstamma på Hardangervidda skal forvaltast framover i arbeidet mot skrantesjuke. 24.-25. januar blei fyrste møte i arbeidsgruppa heldt på Geilo.

Korleis skal villreinen på Hardangervidda forvaltast vidare?
Korleis skal villreinen på Hardangervidda forvaltast vidare? Foto: Olav Strand / NINA

– Dette er ein prosess vi har etterspurd ei tid, så me er glade for at vi endeleg er i gang. Samlinga gjev rom for god informasjon og brei meiningsutveksling, og me meiner dette er den beste måten å handtere dei utfordringane me står overfor, seier Endre Lægreid, leiar i både Villreinrådet i Norge og i villreinnemnda for Hardangerviddaområdet.

Arbeidsgruppa er sett saman av folk frå ulike organisasjonar og fagfelt, som skal utarbeide ei tilråding til Miljødirektoratet og Mattilsynet om vidare forvalting av villreinstamma på Hardangervidda.

Gruppa skal blant anna konkretisere langsiktige tiltak for å nå målet om å avgrense, og om mogleg utrydde, klassisk skrantesjuke på Hardangervidda. Gruppa skal:

  • konkretisere årlege mål for bestandsstorleik og -samansetning i minimum tre år framover
  • føreslå tiltak for å sikre at måla for bestandsstorleik og -samansetning vert nådd kvart år
  • føreslå overvaking av bestanden, av dette GPS-merking og teljingar, gjerne for komande treårsperiode
  • konkretisere korleis vi kan få ein lokal forankring, inkludert kommunikasjon

­– Vi har hatt fyrste samling og har fått gjort opp status på kunnskapsfronten. I tillegg har vi drøfta framdrift i arbeidet, òg i relasjon til den prosessen som lokal forvalting må gjennomføre til våren for å kunne vedta kvote for jakta 2022. I tillegg har vi hatt innleiande drøftingar omkring kjernesaka i CWD-situasjonen på Hardangervidda, og òg fått på bordet kvar dei største ueinigheita er. Alle rundt bordet har nok det same genuine ynskjet om at vi skal verte fri for denne sjukdomen, men det er ikkje til å stikke under ein stol at det er stor skilnad på kva ein meiner er rette medisinen for å handtere situasjonen, seier Lægreid.

Arbeidsgruppa håpar å få til neste samling i mars.

– Då har vi mål om å kome djupare inn i dei konkrete vala som må gjerast med tanke på årets kvote, og prøve og sjå to til tre år fram i tid. Det er mykje som må på plass, og det er bra vi har kome i gang med arbeidet.

Videre forvaltning av villrein på Hardangervidda – Mandat 7. januar 2021