Kommunale mål for forvaltning av hjortevilt
Kvifor skal kommunane lage forvaltningsmål?
- Viltet har både positive og negative konsekvensar for samfunnet
- Kommunen må balansere ulike omsyn
- Kva for ein utvikling i bestanden vil kommunen ha?
- Rettshavarar og jegrar bør forstå forvaltningsmåla.
- Kommunen bør kunne måle om ein oppnår ønska utvikling.
- Dei kommunale måla skal realiserast gjennom bestandsplaner i kommunen og gjerne interkommunalt
Nokre vil ha meir:
Dagens hjorteviltbestandar utgjer viktige og store ressursar både som grunnlag for rekreasjon gjennom jakt, andre naturopplevingar og som kjøtprodusentar. Desse ressursane gjev mange stader etterkvart grunnlag for næringsmessig utnytting. Mange jegerar og grunneigarar ynskjer difor å ha tette hjorteviltbestandar.
Nokre vil ha mindre:
Samstundes påverkar hjorteviltet andre næringsinteresser som jord, skog og hagebruk der beiteskader av hjortevilt kan medføre økonomisk tap av betydeleg omfang. Skader i private hagar og på gravplassar, parkar o.l. kan og einskilde stader vere eit problem.
Hjorteviltbestandane påverkar og andre samfunnsinteresser, mellom anna samferdsle der kollisjonar mellom køyrety, jernbane og hjortevilt fleire stader er eit problem. Dette kan i mange tilfelle medføre alvorlege personskadar i dei verste tilfella med tap av menneskeliv.
Slike kollisjonar har og oftast store økonomiske konsekvensar gjennom skade på køyrety, kostnader for helsevesenet m.v. og kostnader med ettersøk og avliving av skadde dyr.
Påverkar naturen:
Store konsentrasjonar av hjortevilt påverkar og vegetasjonen i vesentleg grad noko som igjen kan få betydning for det biologiske mangfaldet. Dette gjeld både i høve til vegetasjonen og endra livsmiljø og levekår for andre viltartar og organismar. Forsking syner at effektar av hjoreviltbeiting kan vere både positive og negative avhengig av kva forvaltningsmål ein har for det biologisk mangfaldet.
§ 1 i Forskrift om forvaltning av hjortevilt seier : «Formålet med denne forskriften er at forvaltningen av hjortevilt ivaretar bestandenes og leveområdenes produktivitet og mangfold. Det skal legges til rette for en lokal og bærekraftig forvaltning med sikte på nærings- og rekreasjonsmessig bruk av hjorteviltressursene. Forvaltningen skal videre sikre bestandsstørrelser som fører til at hjortevilt ikke forårsaker uakseptable skader og ulemper på andre samfunnsinteresser.»
Kommunane har såleis ansvar for å ta omsyn til ei rekkje interesser når dei gjennom dei kommunale måla skal legge føringar for hjortviltforvaltninga. Kommunane pliktar å innhente relevant kunnskap om desse forholda på lik linje med andre forvaltningsområder i samfunnet.