Hopp til innhold

Elg Hjort

Grunneigarar kuttar i jaktkvotene

Grunneigarar kuttar i jaktkvotene
Jegrane i Odda vil få lettare lass på traktoren dei neste åra om grunneigarane får det som dei vil. Biletet er frå jakt ein annan plass i landet. (Foto: Egill J. Danielsen)

Frå starten av 1990-talet og heilt fram til for et par år sidan auka avskytinga av hjort i Norge kvart einaste år. I fleire område på Vestlandet meiner jegrane no at bestanden er redusert betydeleg. Medieoppslag om kvotekutt har begynt å vise seg særleg det siste halvåret.

Som saka om grunneigarane i Odda, frå Hardanger Folkeblad. Dei meiner endra vinterklima er ein vesentleg årsak til færre individ av både elg og hjort.

Jegrar i Odda opplevde nemleg god jakt på hjort fram til 2010. Det var rikeleg med hjort på det 164 000 dekar store arealet som Odda grunneigarlag forvaltar.

– Trenden er nedgang

Dei siste åra har dyra blitt færre, og nedgangen gjeld både hjort og elg. Trenden stemmer med det som jegrane meiner skjer i dei rike hjorteområda i nabokommunar som Etne, Kvinnherad og Ølen.

Formann i storviltnemnda i grunneigarlaget i Odda, Salm Sjurstræ, har meir enn 30 års erfaring som jeger, sauebonde og friluftsmann. Han meiner det no er tid for å redusere jaktpresset og å endre forvaltningspraksisen.

Fakta om hjort

– Ja, det er nok lurt. Kvoten i Odda for hjort har lenge lege på rundt 90 dyr. Det har truleg vore for mykje, og i fjor sette vi den til 54 dyr. Vi har nettopp hatt styremøte og jobbar no med ein ny driftsplan for tre år, der vi går inn for sterkt reduserte jaktkvotar, seier Sjurstræ til Hardanger Folkeblad.

Lite kalv

Sjurstræ meiner harde vintrar er vel så avgjerande som jakta for storleiken på hjorte- og elgstammene.

– Det er nok ikkje berre mange fellingar som er forklaringa. Det var mykje dyr i mange år, men etter 2010 byrja nedturen hjå oss, men også andre stader. Vi har sett lite kalv dei siste åra, og det har nok å gjere med at vintrane har vore tøffe. Særleg er vintrar som den vi har i år krevjande, for våren let vente på seg. Utmagra dyr treng energi no på vår-parten. Om det dreg ut med mattilgangen, kan det vere avgjerande for svake dyr, fortel Sjurstræ.

Fakta om elg

Han legg til at elgen taklar vintrane noko betre enn hjorten, men Odda-elgen har fått fleire av sine område forstyrra av hyttebygging, og då trekkjer den seg ut. Det betyr at leveområda for elgen i Odda har krympa.

Beskatte tilveksten

Sjurstræ meiner det er semje blant dei fleste jegrar om å kutte i kvotane for å få fleire dyr.

– Vi har færre observasjonar av dyr og færre spor frå dei, som tyder på det same; at det er færre dyr. Vi hadde nyleg årsmøte i laget, og det er semje mellom dei aller fleste av oss om at den rette vegen å gå er å ta ned kvotane. Men i tillegg må vi sjå på fordelinga av hanndyr hodyr og kalvar, slik at vi styrkjer stamma ved å skjerme produksjonsdyra, og heller beskatte tilveksten, seier Salm Sjurstræ.

Slik er norsk hjorteviltforvaltning organisert