Hopp til innhold

Hjort Jakt

Evaluering av kvotefri felling av hjortekalvar – spørjeundersøking

Spørjeundersøking skal kartlegge korleis ordninga med fri avskyting av hjortekalvar i Kvinnherad, Aurland og Kinn har vorte mottatt og utnytta blant grunneigarar og jegerar.

Evaluering av kvotefri felling av hjortekalvar – spørjeundersøking
Foto: Vebjørn Veiberg / NINA.

I regi av FriKalv-prosjektet vart det i 2020 og 2021 opna for kvotefri felling av hjortekalvar innan dei tre forsøkskommunane Kvinnherad, Aurland og Kinn. Etter to år er det no på tide å evaluere denne forsøksordninga.

Eit viktig ledd i evalueringsarbeidet er å samle informasjon om korleis både grunneigarar og aktive jegerar har mottatt og utnytta denne ordninga. For å samle denne erfaringskunnskapen har vi laga ei elektronisk spørjeundersøking.

Er du grunneigar og/eller har delteke på hjortejakt i ei av forsøkskommunane i løpet av 2020 eller 2021, håper vi du har høve til å delta i den anonyme undersøkinga. Trykk på lenka for å starte spørjeundersøkinga. (Lenka er aktiv til 28. februar 2022).