Hopp til innhold

Elg Hjort Jakt Rådyr Villrein

Difor jaktar vi hjortevilt

Difor jaktar vi hjortevilt
Jakt og fangst var opprinneleg sjølve grunnlaget for busetjing i Norge. I europeisk historie er landet vårt seint utvikla og hausingskulturen står framleis sterkt i Norge. (Foto: Egill J. Danielsen)

Jakt og fangst var grunnlaget for busetjinga i landet då dei fyrste menneska slo seg til her etter som isen trekte seg attende etter siste istida. Seinare etter at jordbruket vart innført har framleis jakta og anna hausting frå naturen vore viktige matressursar heilt fram til nyare tid.

I dag er vi ikkje avhengige av jakt for å overleve, men jegrane er kulturberarer og hjorten som mat- og gourmetressurs har aukande verdi. (Foto: Egill J. Danielsen)

I dag er vi ikkje avhengige av jakt for å overleve, men jegrane er kulturberarer og hjorten som mat- og gourmetressurs har aukande verdi. (Foto: Egill J. Danielsen)

Skinn og andre delar av dyra har og vore ressursar som har vore tekne vare på og nytta til ulike føremål. Det er såleis ikkje lenge sidan ein var avhengig av jakt, fangst og anna hausting frå utmarka for å overleve. Instinkta til å gjere dette ligg godt nedarva hjå dei aller fleste som difor finn glede ved å kunne hauste frå naturen anten det gjeld bærplukking, fisking, jakt eller anna.

Fakta om elg

Sjølv om ein i dag ikkje er avhengig av jakta for å overleve og at den no kanskje har størst verdi i rekreasjonsmessig samanheng utgjer det framleis ein betydeleg matressurs som kjem til nytte og glede på mangt eit bord.

Denne artikkelen tek føre seg betydninga av jakt på hjort, og omfanget og verdien av elgjakta er enda større.

Dagens jegerar er viktige kulturberar som ivaretek tradisjonar som har vore grunnleggande for busetjinga i landet.

Retten til å jakte hjortevilt i Norge

Hjorten er ikkje utsett for predasjon frå rovdyr av noko omfang. Gaupe og jerv kan i einskilde område ta noko hjortekalvar, men dette er ikkje av eit omfang som har betyding for bestandsutviklinga.

Ein liten del av dyra døyr av naturlege årsaker, men ein reknar i dag at 95 % av hjorten døyr av ei kule. Jakta er såleis heilt avgjerande for bestandsreguleringa og utan den ville ein ha hatt store svingingar i beitegrunnlaget og hjortebestandane.

Samfunnsmessig betyding

På byrjinga av 1900-talet var hjortebestandane sterkt reduserte både i storleik og utbreiing. Dette grunna både hardt jaktpress og sterk utnytting av utmarka i jordbruksmessig samanheng.

Seinare med omlegging i jordbruket frå 1970-talet og utover med langt mindre utnytting av utmarka enn tidlegare og regulering av jakta har hjortebestandane vakse kraftig både i storleik og i utbreiing. Den største veksten har vore sidan byrjinga av 90-talet og fram til i dag.

Antal felte hjort har auka kraftig – særleg dei siste 20 åra. Gleda er alltid stor over god fangst, og verdien av kjøtet har etterkvart vorte betydeleg. (Foto: Egill J. Danielsen)

Antal felte hjort har auka kraftig – særleg dei siste 20 åra. Gleda er alltid stor over god fangst, og verdien av kjøtet har etterkvart vorte betydeleg. (Foto: Egill J. Danielsen)

I 1990 vart det felt om lag 10.000 dyr medan det i 2010 vart felt over 39.000 dyr. Hjorten er framleis i ekspansjon både sør, aust og nordover. Vestlandsfylka og delar av Sør-Trøndelag er framleis å rekne som «kjerneområda» for hjort sjølv om det i dag vert jakta hjort over størstedelen av Sør-Norge og langt nord i Nordland fylke.

Dette kan viltfondet brukes til

Hjorten utgjer ein betydeleg ressurs som kjøtprodusent der ein reknar at det årlege utbytet frå jakta i dag utgjer om lag 2000 tonn kjøt. Førstehandsverdien av kjøtet er over 200 millionar kroner.

Foruten kjøtverdien, kulturhistorien og rekreasjonsverdien, inneberer hjortejakta meistringskjensle og livskvalitet for 40 000 jegrar. (Foto: Egill J. Danielsen)

Foruten kjøtverdien, kulturhistorien og rekreasjonsverdien, inneberer hjortejakta meistringskjensle og livskvalitet for 40 000 jegrar. (Foto: Egill J. Danielsen)

Mange grunneigarar har og inntekter frå jaktutleige, utleige husvære og tilrettelegging, transport m.v. Tilreisande jegerar legg mange stader og att ein god del verdiar gjennom kjøp av varer og tenester utanom sjølve jakta. Dette kan vere viktige i mange mindre lokalsamfunn. Det er såleis betydelege økonomiske verdiar knytt til hjortejakta.

I fylgje tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) er det over 40.000 jegerar som årleg jaktar hjort. Mange av jegerane har og barn og andre familiemedlemar med på jakt så det er såleis eit stort tal personar som er involvert i hjortejakta. For desse betyr hjortejakta i tillegg til å kunne hauste av naturen tilgang til spanande jaktopplevingar, sosialt samvære i jaktlaga, god mosjon og mange gode naturopplevingar utanom sjølve jakta. Hjortejakta er såleis ei viktig rekreasjonskjelde og arena for sosialt samvere  for mange.