Hopp til innhold

Rådyr

Parykkhorn hjå hjortedyr

No og då dukkar det opp hjortedyr med gevir som har ein parykkliknande utsjånad. Men kva skuldast dette, kva bør ein gjera med dyra og kan kjøttet frå dyret etast?

Parykkhorn hjå hjortedyr
Den årlege utviklinga av geviret vert regulert av ulike hormon. I den normale gevirsyklus er ei auke i nivået av testosteron, det mannlege kjønnshormonet, i blodet nødvendig for å få stans i gevirveksten og normal feiing. Foto: John D. C. Linnell

– Den årlege utviklinga av geviret vert regulert av ulike hormon. I den normale gevirsyklus er ei auke i nivået av testosteron, det mannlege kjønnshormonet, i blodet nødvendig for å få stans i gevirveksten og normal feiing. Ved sjukdommar eller skadar i testiklane eller andre hormonproduserande organ, kan det oppstå parykkhorn som fylgje av forstyrring i hormonbalansen, seier Turid Vikøren, vilthelseansvarleg ved Veterinærinstituttet.

Parykkhorn oppstår som fylgje av forstyrring i hormonbalansen til dyret og kan årsaka problem for dyret dersom det vert for stort.. Foto: Turid Vikøren, Veterinærinstituttet

Parykkhorn er ei svulstaktig omdanning av geviret slik at det får ein parykkliknande utsjånad. Parykkhorna er kledde av hud, veks kontinuerleg og vert ikkje feia eller felt som normalt. Det vil altså ikkje falla av slik normale, feia gevir gjer kvart år.

– Lidinga er mest vanleg på rådyrbukkar, men kan òg sjåast på elg og rådyrgeiter, og i sjeldne fall på rein, seier Vikøren.

Ifylje Vikøren bør dyr med parykkhorn avlivast, sidan parykkhornet kan bli svært stort, betent og veksa nedover augo. Unntaket er rådyrgeiter der parykkhornet vanlegvis ikkje blir så omfangsrike som hjå hanndyr. Det er normalt ikkje  farleg å eta kjøt frå dyr med parykkhorn. Unntaket er dersom dyret er sjukt og det er alvorleg grad av betennelse i huda på parykkhornet (illeluktande vev og verk). I slike høve bør dyret undersøkast av veterinær, for å vurdera om det er egna som mat.