Hopp til innhold

Hjort Jakt

Gratis hjortejakt på Svanøy

Gratis hjortejakt på Svanøy
Om få veker kan unge jegerar få sjanse til å felle sin aller første hjort på Svanøy i Flora kommune, slik Jonna Larsson gjorde det for litt sidan. (Foto: Johan Trygve Solheim)

– Over 70 førstegangsjegrar har meldt sin interesse, fortel dagleg leiar ved Norsk Hjortesenter Johan Trygve Solheim.

Snittalderen på norske jegerar blir høgare og høgare og nærmar seg 50 år. Johan Trygve Solheim meiner vi må slutte å snakke om rekruttering og heller gjere noko med det.

– Det gjeld ikkje minst oss rettshavarar, seier han.

Høg prisklasse

Hjortesenteret har i dag rundt 20 fellingsløyve på vill hjort på den 11 kvadratkilometer store øya Svanøy, som ligg i munninga av Førdefjorden. Her har det i mange år vore drive guida utleigejakt i høg prisklasse. Og nettopp prisinga av norsk hjortejakt kan vere medverkande til at ungdommen ikkje slepp til, trur Solheim.

– Det er faktisk ikkje nok å rabattere fellingsløyve med ein tusenlapp eller to for ungdom. Det blir framleis for dyrt og ungdommen hamnar på sidelinja. Det ønskjer vi å gjere noko med no. Vi set av ei jakthelg no i haust der all jakt, guiding og opphald blir gratis, seier han.

Ein hjort kvar

No byr Norsk Hjortesenter ungdom frå heile landet om å melde si interesse for å skyte sin første hjort på Svanøy.

– Vi har blinka ut helga 30. november til 2. desember. Vi set av fire plassar, der kvar jeger får sjanse til å skyte eit dyr kvar. Her vil førstegangsjegerane få innføring i ulike jaktformer som smygjakt, posteringsjakt i tårn og dei får prøve seg på jakt med hund. Vi stiller sjølvsagt som instruktørar og guidar.

I tillegg vil dei få kyndig instruksjon i slakting og kjøthandtering, og det blir sosialt samvere om kveldane, seier Solheim, som håpar unge jegerar kjenner si besøkstid.

– Over 70 personar har sendt epost til hjort@svanoy.com, og meldt si interesse for den fire plassane. Norsk Hjortesenter vil trekke lodd mellom desse i løpet av denne veka, og kontaktar vinnarane direkte. Vi stiller ingen krav til erfaring, men det er viktig at alle som søkjer har teke jegerprøva, betalt jegeravgift for storviltjakt og har avlagt skyteprøva, seier Solheim.

Ei investering

Ei slik jaktpakke på Svanøy for fire jegerar har stor økonomisk verdi for Norsk Hjortesenter. Kvifor gje bort jakta?

– Eg har tenkt på dette lenge. Vi må ta ansvar for at vi også i framtida skal ha eit dugande jegerkorps av gutar og jenter som skal ta over arven i skogane våre. På Svanøy har vi eit terreng og ein dyretettheit som passar godt til opplæringsjakt.

Å bli ein god jeger kjem ikkje av seg sjølv, så dette blir vår måte å bidra på. Eg ser det også som ei framtidig investering i utleigeproduktet vårt, og eg oppmodar andre som driv med jaktutleige til å tenkje i same baner, seier Solheim.