Hopp til innhold

skrantesjuke Villrein

GPS-merker villrein i Nordfjellaområdet

Inntil 15 villrein i Nordfjellaområdet i Sogn og Fjordane, Hordaland og Buskerud skal utstyrast med GPS-sendarar i vinter. Kunnskap om kor reinen oppheld seg trengst for å hindre dyr i å trekke inn i område der skrantesjuke er påvist.

GPS-merker villrein i Nordfjellaområdet
Dei første dyra i Nordfjella-området vart merka av personell frå Statens naturoppsyn onsdag 9. januar. Foto: Petter Braaten, Statens naturoppsyn (SNO).

Vinteren 2016 vart skrantesjuke (CWD) for første gong påvist i Europa, på ein villrein i Nordfjella villreinområde. Året etter vart det bestemt at villreinflokkane i ein del av området, Nordfjella sone 1, skulle fellast for å hindre at sjukdommen får fotfeste i Noreg.

Vil hindre dyr i sjukdomssona

Sist vinter vart meir enn 1400 villrein skotne i Nordfjella sone 1. Området skal haldast fritt for villrein i minst fem år, før det kan friskmeldast og villreinstammen byggast opp att.

I Nordfjella sone 2, som ligg inntil sone 1, er det ikkje påvist skrantesjuke på villreinen. Mellom dei to sonene er det bygt gjerder og sett inn andre tiltak for å halde dyr ute frå sjukdomssona.

– GPS-merkinga er starta og dei fire første dyra vart merkte 9. januar. Arbeidet skjer i sone 2, i Raudafjell, og mellom Bergensbanen og riksveg 7, som er område dyra frå sone 2 ofte brukar. Merkinga vil gje oss kunnskap om korleis villreinen beveger seg, slik at vi kan forsøke å hindre at dei trekker inn i sjukdomssona, seier Ivar Myklebust, avdelingsdirektør i Miljødirektoratet.

Tek prøver av dyra

Det er Miljødirektoratet som har fatta vedtak om merkinga som skal utførast av personell fra direktoratet sitt feltapparat, Statens naturoppsyn (SNO). Merkinga vil skje så raskt det let seg gjere, og seinast innan 20. april.

– I samband med merkinga vil SNO ta blod- og lymfeprøver av dei aktuelle dyra for testing for skrantsjuke. Prøvene skal analyserast av Veterinærinstituttet, seier Morten Kjørstad, direktør i SNO.

 

FAKTA

Villrein i Nordfjella vert GPS-merka for å kunne følge dyra sine posisjonar.

Målet er å hindre dyr frå å trekke inn i sjukdomssona som er brakklagt som følge av skrantesjuke i området.

Dyra vert merka med sendarar av typen VERTEX Plus frå Vectronic Aerospace.

Signala frå sendarane fangast opp av satelittar, og ikkje mobilnettet som ved tidlegare merking.

I overvakinga kan det ved behov sendast signal til sendarane så dei fell av dyra.