Hopp til innhold

Villrein

Nordfjella: Nytt program mot skrantesjuke (CWD) på villrein

4.september hadde programutvalet for å nedkjempe skrantesjuke i Nordfjella sitt fyrste møte. Utvalet skal utforme eit heilskapleg program for brakkleggingsperioden og reetablering av villrein i Nordfjella. Målsettinga er at vi om nokre år skal få tilbake ei frisk villreinstamme i Nordfjella (sone 1).

Nordfjella: Nytt program mot skrantesjuke (CWD) på villrein
Foto: Olav Strand/NINA.

Den 8. mai 2018 inngikk Landbruks- og matdepartementet, Nordfjellarådet, Klima- og miljødepartementet, og ordførarane i Ulvik, Aurland, Lærdal, Hemsedal, Ål og Hol ein intensjonsavtale om felles kamp mot skrantesjuka (CWD).

– Eg er svært nøgd med at vi har fått denne avtala på plass og ønsker utvalet lukke til i arbeidet med å utforme programmet, seier Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V).

Hovudmåla i avtalen er å:

1. Behalde friske stammer av villrein og anna hjortevilt i Norge
2. Utrydde sjukdommen før han får fotfeste
3. Bygge opp att ei frisk villreinstamme i Nordfjella raskast muleg i tråd med vedtekne planar

Heilskapleg program
Avtalepartane vart samde om å sette ned ei gruppe som skal lage eit utkast til eit heilskapleg program for det vidare arbeidet. Gruppa, som vert kalla programutval for skrantesjuke, er samansett av representantar frå kommunane og staten

Utvalet skal ha fire arbeidsmøter fram i mot jul og programmet skal ferdigstillast innan utgangen av 2018.

Programutvalet for skrantesjuke

  • Steinar Bertelsen, leiar for Nordfjellarådet
  • Lars Nesse, CWD-koordinator
  • Rådgjevar i Lærdal Kommune Alf Olsen Jr
  • Leiar av viltseksjonen i Miljødirektoratet Knut Morten Vangen
  • Seksjonssjef for dyrehelse i Mattilsynet Anne Marie Jahr
  • Stein Ivar Ormsettrø frå Landbruks- og matdepartementet
  • Espen Fjeldstad frå Klima- og miljødepartementet er leiar i utvalet
  • Karen Lone frå Miljødirektoratet er sekretær i utvalet

(Pressemelding frå Klima- og miljødepartementet 09.09.18)