Hopp til innhold

Hjort

Meir blåbær gir meir hjort

Meir blåbær gir meir hjort
Foto: Egill J. Danielsen

Eit av dei viktigaste funna i undersøkinga er at der det er mykje blåbærlyng, der samlast hjorten,  skriv Norsk Hjortesenter på si nettside.

Norsk Hjortesenter har saman med Utmarksressurs AS i Stryn kartlagt beitetilbodet og beitetrykket av hjort i Stryn kommune.

Beiteforhold og hjortetettleik heng saman

Ifølgje forskar Stein Joar Hegland er beitetilbodet er den viktigaste enkeltfaktoren for utbreiinga og tettheit av hjort, og er dessutan av stor betyding for kondisjonen til dyra i bestanden.

Beiteforhold er såleis det som avgjer kor stor jaktuttak eit større område kan ha og det er spesielt viktig å ha kunnskap om beite i vinteropphaldsområde då det er om vinteren ein opplever lokalt høgast tettleikar av hjort.

Les meir og last ned rapporten om beitetakseringa

– Det er forholdet mellom hjortetettleik og beitetilbod ein må vurdera når ein skal forvalte bestandar bærekraftig og ikkje desse faktorane kvar for seg, seier FoU-leiar ved Norsk Hjortesenter Stein Joar Hegland som er av forfattarar av rapporten saman med Ole Runar Aabrekk.

– Vi hadde eit spesielt fokus på taksering av beitetilbod og beitetrykk på blåbær som er rekna for å vera den sikraste indikatorplanta for å vurdera beitetilbod og beitetrykk. Men også alle treslag i beitehøgd blei taksert, understrekar Hegland.

Lett til moderat beitepress i Stryn

Beitetilbodet i Stryn ser ut til å vera liknande beitetilbodet andre stader og totalt sett bra, sjølv om einskilde vald nok har litt dårlegare beiteforhold.

Utifrå takseringa tyder det på at beitetrykket i Stryn tilseier eit beitetrykk på eit nivå frå lett til moderat beita. Høgt beitetrykk finn ein i Stryn lokalt på nivå av einskilde prøveflater og ikkje for heile vald.

– Den store romlege variasjonen understreker at hjorten ikkje er jamt fordelt i landskapet. Sørvendte lier er den arealtypen som har høgast beitetrykk, fortel Hegland.

Blåbærplanta betyr mykje

– Noko av det mest spannande vi fann i analysane av det innsamla datamaterialet var ei sterk samanheng mellom dekninga av blåbærplanta og hjortetettleik på valdsnivå, som kan betyr at den høgaste tettleiken av hjort i Stryn er i område med mykje blåbærlyng.

Ifølgje Hegland tyder beitetakseringa på at beitetilbodet totalt sett står i bra forhold til det beitetrykket og dei tettleikane av hjort ein har i Stryn. Det er gjort konkrete vurderingar av beitetilbod, beitetrykk og eventuelle tiltak for alle valda som var med i undersøkinga.