Hopp til innhold

Villrein

Ising på gps-sendarar har fått konsekvensar

Problema med ising på GPS-sendarane i Nordfjella har ført til at dei fem sendarane i Nordfjella sone 2 enten blei droppa ved bruk av fjernutløysar-mekanisme eller så blei dyret avliva. Dei planlagte merkeprosjekta i Brattefjell/Vindeggen og Setesdal Austhei er lagt på vent inntil vidare. Ein skal sjå nærare på kva som kan gjerast for å forbetre teknologien for å unngå slike problem i framtida.

Ising på gps-sendarar har fått konsekvensar
Som fylgje av isingsproblematikk er oppstart av eit nytt merkeprosjekt satt på vent. Illustrasjonsfoto: Anders Mossing

Det er Roy Andersen i Norsk institutt for naturforskning (NINA) som opplyser dette. Roy Andersen er feltansvarleg for all GPS-merking av villrein her i landet. Han presiserer at all bruk av GPS-sendarar er ein belastning for forsøksdyra. Dette handlar om to fasar: sjølve merkesituasjonen og det stresset som oppstår når ein går inn med helikopter og bedøvar dyret med bruk av piler, og den belastninga det kan vera for dyret å gå rundt med eit slikt halsband. I høve det siste har ein til dømes sett einskilde tendensar til pelsslitasje om våren på grunn av klaven, likevel har ein ikkje påvist større konsekvensar av dette. Observasjonar og prøver som er gjort av forsøksdyra tyder på at GPS-merkinga korkje har gått utover kondisjon eller reproduksjonsevne i fylgje Andersen.

 

Ein har sett einskilde tendensar til pelsslitasje om våren, men ikkje påvist større konsekvensar for dyra. Foto: Anders Mossing

Fjernutløysing

Problemet med ising som har oppstått i Nordfjella, både sone 1 og sone 2, har altså fått konsekvensar for merkeprosjektet. Roy Andersen fortel at fire av fem klavar med radiosendarar her er konstruerte slik at ein skal kunne fjernutløyse dei viss det oppstår problem. Dette gjekk bra for tre av dei fire dyra, medan isinga har ført til at utløysar-mekanismen ikkje fungerte for eitt av dyra. Dette forsøksdyret måtte difor avlivast, og det same gjeld det femte dyret som hadde ein radiosendar som var sett på tilbake i 2009 og som ikkje hadde denne mekanismen. NINA har ikkje radiosendarar på villrein i Nordfjella etter at desse halsklavane blei fjerna.

Radiosendarar som ikkje fungerer er det sjølvsagt ingen som ønskjer, ein prøvar difor å fjerne slike sendarar fortløpande ved å fjernutløyse sendarane manuelt og/eller at dei blir utløyst automatisk etter tre eller fire år (dette kan programmerast). Ein del eldre sendarar har ikkje utløysar-mekanisme. Der har dyret blitt felt, enten gjennom planlagt uttak i jakta eller gjennom ekstraordinære uttak på vinteren.

Ising – ein risiko under spesielle forhold

Sett i det lange perspektivet, dvs. frå GPS-merkinga blei sett i gang, har det vore få problem med radiosendarar på villrein. Me veit no at under spesielle forhold kan snø feste seg til sendaren og bli til is. Mest kjent er simla som blei funnen i Nordfjella med ein stor isklump rundt halsen i 2015 og som måtte avlivast. I 2016 fann ein ei simle med en liten, ca. 5cm stor isklump under radiosendaren i Snøhetta Vest. Denne forsvann av seg sjølv, men ein valde likevel å fjerne denne sendaren ved fyrste anledning. Så vidt ein kjenner til, er det berre i Nordfjella at slike isingsproblem har ført til danning av større isklumpar på radiosendarar no i seinare tid. Eit av fellingslaga som arbeidde med å sanere villreinbestanden i Nordfjellas sone 1, felte i januar 2018 ei simle med ein relativt stor isklump.

Simle felt i Nordfjella sone 1 i januar 2018 i samband med sanering av bestanden. Isklumpen veide 1,5 kg. Foto: Miljødirektoratet/SNO.

Dei fyrste dyra blei merka i Nordfjella allereie tilbake i 2007. NINA arbeider med å finne ei god forklaring på kvifor isinga skjer. Ein trur at dette har med dei klimatiske tilhøva å gjera; fuktig havluft kjem inn frå områda i vest, i høgfjellsområdet vest for Finse og Hallingskarvet møter denne fuktige lufta kald luft og desse raske temperaturendringane under spesielle høve gjer at det oppstår ising. Ein har til dømes sett at installasjonar sett ut for fjellrev har isa kraftig ned i desse områda. Dette har vore ein situasjon ein ikkje har vore godt nok førebudd på, fortel Roy Andersen.

Framtida

NINA jobbar no for å finne ut av korleis ein skal løyse problemet med ising. Og på grunn av at ein ikkje kan sjå bort frå at dette problemet kan oppstå i andre villreinområde òg, har ein inntil vidare lagt den planlagde oppstarten av GPS-prosjektet i Brattefjell-Vindeggen og Setesdal Austhei på vent eitt år. Ein ny oppstart her vil vera avhengig av om ein har funne fram til ei tilfredsstillande løysing.
Det handlar i fylgje Andersen om at små justeringar på klavane må til, kanskje kan ein finne fram til eit materiale som ikkje isar så lett. Vidare skal sjølve utløysar-mekanismen gjerast på ein annan måte, på sida av klaven slik at isinga ikkje blir til hinder for fjernutløysinga. Likevel presiserer Andersen at ein aldri kan garantere at slikt ikkje skjer, men at dei gjer det dei kan for å hindre at ising eller andre uhell skjer.
Villrein som blir radiomerka i samband med forsking er definert som forsøksdyr. Bruk av forsøksdyr, uansett kva dyreart og formål det er snakk om, er nøye regulert i lovverket og krev eigne løyve frå forsøksdyrforvaltninga i Mattilsynet. I søknadane er forskarane nøydde til å gjera synleg blant anna nytteverdien, risikoen for dyra og kva ein gjer når noko uventa skjer. Forholdet mellom nytteverdi og ulemper blir vurdert før eventuelle løyve blir gjevne. I forhold til situasjonen som oppstod i Nordfjella i vinter, var ei løysning av problemet omtalt i søknad/løyve gjeve i 2016, radiosendaren skulle fjernast med fjernutløysing, og dersom dette ikkje fungerte, skulle dyret avlivast.

Bruk av forsøksdyr er nøye regulert i lovverket, og løyvene set blant anna krav til oppfølging i felt. Foto: Anders Mossing

Mykje positivt

Roy Andersen innrømmer at han mislikar sterkt det han har sett med isinga på desse klavane. Og han tek med at folk flest ofte ser for seg at slike forsøk skal vera 100 %
vellykka. På den andre sida minner han om alt det positive denne GPS-merkinga har ført med seg. Det er ei kjent sak at gjennom samarbeid med dei ulike lokale aktørane (utval, nemnd og styringsgruppene) har GPS-prosjekta fått mykje positiv omtale. Det som starta som eit forskingsprosjekt har etter kvart utvikla seg til eit prosjekt med stor interesse og stort nedslagsfelt i forvaltningssystemet. Og kunnskapen frå GPS-prosjekta har fått varige ringverknader i vide kretsar.

Les også «GPS-merking av villrein – eit tilbakeblikk» (villrein.no)

Tilhøvet mellom forsking og forvaltning i høve GPS-prosjekta skal me koma tilbake til gjennom eit intervju med villreinforskar Olav Strand. Denne kjem på trykk i neste veke.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing