Hopp til innhold

Forskning Hjorteviltet Rådyr

Fatale møte med gaupe og jeger: ein studie av risikolandskapet til rådyr

Artikkelen er hentet fra hjorteviltet-logo.png

Rådyret er eit ynda byttedyr for både gauper og jegerar. Risikoen for å bli drepen av desse to «rovdyra» avhenger av vegetasjon og topografien i landskapet. Dersom risikoen for å bli drepen av gaupe auka, minka risikoen for å bli skoten, men det var også unntak.

Fatale møte med gaupe og jeger: ein studie av risikolandskapet til rådyr
Foto John D. C. Linnell/NINA

Tekst: Karen Lone (NMBU, karen.lone@gmail.com), Leif Egil Loe (NMBU), Terje Gobakken (NMBU), John D.C. Linnell (NINA), John Odden (NINA), Jørgen Remmen (NMBU), Atle Mysterud (UIO)

Motivert av teorien om risikoeffektar (sjå eigen boks) har me undersøkt det romlege risikobiletet for rådyr i Hallingdal, der dei møter to spesialist-predatorar med ulike jaktmetodar: gaupe og jeger. Ja, i denne konteksten reknar me menneskelege jegerar som «predatorar» eller «rovdyr». Me ventar at risikoen for å bli drepen av gaupe og av jeger heng saman med eigenskapane til habitatet, og derfor fordeler seg ulikt i landskapet. Gaupa er snikjeger og overrumplar sitt bytte med eit brått og kort angrep. Difor ventar me at den lykkast betre i jakt i tette og uoversiktlege habitat enn i opne og oversiktlege. Blant jegerstanden veit me at det er stor variasjon i jaktmetode, med lokkejakt, posteringsjakt, snikjakt og drivjakt. Dyr vert skotne på korte og lange hald, men bruken av skytevåpen krev i alle tilfelle fri sikt til dyret. Om rådyret brukar habitat med godt skjul kan det altså vere til fordel for gaupa og til ulempe for jegeren. Me målte tettleiken av undervegetasjon med laser (LIDAR) frå fly for å få informasjon om det effektive skjulet. Flyboren laserskanning blir elles bruka mykje til skogtaksering i Noreg av di laserekkoa gjev detaljert informasjon om vegetasjonen og skogbilete.

Me ønska å sjå 1) korleis risiko for å bli drepen av gaupe eller jeger heng saman med skjul og andre felt- eller fjernmålte habitateigenskapar, og 2) om gaupe og jeger lagar samanfallande eller motstridande risikolandskap for rådyret.

Fatale-møte-med-gaupe-og-jeger-Fig1

Figur 1. Topografi og feltplot i studieområdet i Hallingdal, Buskerud. Undersøkte feltplot var anten bruk av levande rådyr (GPS-merka dyr eller møkkfunn), eller posisjonar der gaupe eller jeger har drepe rådyr.

Kva me gjorde

Studiet blei gjennomført i Hallingdal (Figur 1), der det er stabilt låg rådyrtettleik. Gaupa drap i snitt litt fleire rådyr årleg (cirka 90, basert på drapstakt og talet på dyr i området) enn det årlege uttaket ved jakt (cirka 65, frå www.ssb.no) i perioden me undersøkte, 2006-2011. Prosjektet Scandlynx i regi av NINA har samla data i området over lang tid med GPS-merka gauper, kartlegging av kadaver etter desse, og nyleg også GPS-merka rådyr. Me etablerte feltplot på 71 punkt der rådyr hadde blitt drepne av gaupe, 53 punkt der rådyr var blitt drepne av jeger, og på 168 punkt som var bruka av levande rådyr (posisjonar frå GPS-merka dyr eller møkkfunn i transekt) som representerte den relative tidsbruken deira i ulike habitat. Ved å samanlikne punkta der rådyr vart drepne med punkt frå deira faktiske tidsbruk, får me fram den relative risikoen som er knytt til å flytte seg langs habitatgradientar, til dømes frå meir open til meir tett vegetasjon.

Kva påverka risikoen for å bli drepen av gaupe?

Me fann at risikoen for å bli drepen av gaupe aukar med større prosentdel gran i treslagfordelinga, større mengd undervegetasjon, lengre avstand til veg, brattare terreng og meir kupert terreng. Mønstera i risiko kan henge saman med gaupa si tidsbruk, til dømes er det sannsynleg at samanhengen mellom risiko og avstand til veg kjem av at gaupa unngår menneskeleg aktivitet og ofte oppheld seg godt unna veg, gardar og hus. Variasjon i jaktsuksess kan og forklare risikomønster. Gaupa har betre sjanse til å snike seg innpå rådyr der det er mykje undervegetasjon, og skog med mykje gran er gjerne uoversiktleg på grunn av dei låge og tette greinene. Gaupa er god til å ta seg fram i ulendt terreng som kan forklare effekten av kor kupert terrenget er.

Kva påverka risikoen for å bli drepen av jeger?

Risikoen for å bli skoten av jeger aukar med større prosentdel furu i treslagsfordelinga, brattare og meir kupert terreng. Medan risikoen minkar med lengre avstand til veg og meir undervegetasjon. I tillegg er risikoen generelt høgare i ope habitat enn i barskog, medan den lågaste risikoen er i blandingsskog. Med unntak av terrenghelling, er alle samanhengane me fann sterke. For jegerar kan me knyte openheit av vegetasjonen til høgare jaktsuksess og/eller føretrekte jaktområde. Jegerpreferansar forklarar at risikoen er høgare nær veg, medan kor kupert terrenget er kanskje heng saman med høgare jaktsuksess fordi jegeren utnyttar det til sin fordel for å få overblikk eller snike seg inn på rådyret.

Fatale-møte-med-gaupe-og-jeger-fig-2

Figur 2. Endring i risiko for å bli drepen av gaupe eller jeger langs fire habitatgradientar: tettleik av undervegetasjon, avstand til veg, terrenghelling og kor kupert terreng er. Endring i risiko gjev kor mange gonger meir sannsynlig er det å bli drepen relativt til tilfellet med respektivt: ingen undervegetasjon (tettleik = 0), avstand til veg = 0, flatt terreng (helling=0) og jamt terreng (kupert-indeks = 0).

Motsetningar og fellesnemnarar

Langs fleire habitatgradientar var risikomønsteret motsett for gaupe og jeger. Dette gjaldt mengda undervegetasjon, terrenghelling og avstand til veg (Figur 2). Med omsyn til kvar av desse tre eigenskapane kan rådyret altså gjere ei avveging mellom å eksponere seg for den eine eller den andre predatoren. Bruk av meir opne område med lite undervegetasjon vil innebere større risiko for å bli skoten, mens bruk av område med tettare undervegetasjon inneber større risiko for å bli drepen av gaupe. Likeins er det at område nær veg har høgare risiko for å bli skoten, mens rådyra i område lenger bort frå veg (og menneskeleg aktivitet) har større risiko for å bli drepen av gaupe. Prisen for å redusere sjansen for å bli treft av ei kule er altså ein større sjanse for å møte eit sett med hjørnetenner.

Samanfallande mønster i risiko for å bli drepen av gaupe og av jeger fann me berre når det gjaldt kor kupert terrenget er, der begge viser høgare risiko i meir kupert terreng (Figur 2). I tillegg er det nokre habitatgradientar som er viktige for berre ein av dei to predatorane.

Kontrasterande risikolandskap med få tilfluktsstader

Mønsteret i romleg risiko frå gaupe og jeger er på stor skala sterkt styrt av avstand til veg, medan vegetasjonstettleik og kor bratt og kupert terrenget er driv variasjonen i risiko meir lokalt (Figur 3). Det er tydeleg frå karta at på stor skala er risikomønstera frå gaupe og jeger veldig ulike, dei er nærmast omvendte av kvarandre. Heile 31% av arealet i studieområdet har sterkt kontrasterande risiko. Berre 1% av det totale arealet var «trygt» i den forstand at det var låg risiko frå både gaupe og jeger. Det var i langt større grad samanfall av høg risiko, og 8% av arealet hadde risiko for «dobbeltpredasjon».

Kva vert summen av alt dette?

Rådyr har lite å vinne på å unngå risikohabitatet til gaupa dersom det betyr at dei er utsett for større risiko for å bli drepne av ei kule. Altså er det slik at vinsten av antipredasjonsåtferd er mindre når rådyret møter to predatorar som har kontrasterande risikomønster, enn når dei møter ein, eller to med samanfallande risikomønster. Sjølv om vinsten er mindre, kan ein likevel ikkje sjå heilt bort ifrå slik åtferd. Dersom risiko også varierer i tid, opnar det seg moglegheiter. Utanfor jaktsesongen og i dei mørke timane på døgeret er det ingen risiko frå jegerar, medan gaupas aktivitetsmønster tilseier størst risiko nattetid. I tillegg er det jo slik at gauper og jegerar bevegar seg, og bare utgjer ein risiko der dei er til ei kvar tid. Om rådyret har noko å tene på å tilpasse seg ein risiko som varierer komplekst i tid og rom er enno ikkje studert. Ein avgjerande faktor her er då rådyret si evne til å sanse eller lære at eit rovdyr er i området.

Implikasjonar

Kan hende det at gaupa er til stades gjer det lettare å jakte rådyr? Kanskje jakta på rådyr gjer det lettare for gaupa å ta rådyr? Andre studiar viser liten endring i habitatbruk hos rådyret etter at gaupa har komme tilbake. Det er truleg avgrensa moglegheit for å auke overlevinga gjennom å endre habitatval om rådyra også skal sikre seg nok mat. Det er difor sannsynleg at gaupe og jeger hovudsakleg påverkar rådyrbestanden direkte gjennom dødelegheit, og at eventuelle indirekte kostnadar gjennom endra åtferd relativt sett er små. Forvaltinga treng sannsynleg ikkje ta høgde for at gaupa er skuld i større bestandsnedgang enn det som er det direkte uttaket, men konkrete målingar for å dokumentere indirekte effektar manglar førebels.

Fatale-møte-med-gaupe-og-jeger-Fig-3

Figur 3. Rådyr sin risiko for å bli drepen av gaupe og jeger, basert på GPS-merka dyr, jegerdata og fjernmåling av vegetasjon/topografi (LIDAR). Grøne og raude fargetonar viser respektivt til under/over gjennomsnittleg risiko.

Les meir i:

Lone K, Loe LE, Gobakken T, Linnell JDC, Odden J, Remmen J, Mysterud A (2014) Living and dying in a multi-predator landscape of fear: roe deer are squeezed by contrasting pattern of predation risk imposed by lynx and humans. Oikos:1-11. doi:10.1111/j.1600-0706.2013.00938.x

 

RISIKOEFFEKTAR:

Rovdyr kan påverke byttedyrbestander både gjennom direkte uttak (dødelegheit), og gjennom indirekte kostnadar, såkalla risikoeffektar. Byttedyr kan endre åtferd for å unngå predasjon, og jamvel om det kan vere kostbart (i auka energibruk, minka energiinntak, eller forsaka reproduksjon), kan det løne seg «netto» fordi overlevinga aukar. Risikoeffektar kan skape eit «fryktas landskap». Det er enno mykje me ikkje veit om mekanismane involvert i og omfanget av risikoeffektar, ikkje minst fordi risiko varierer i både tid og rom med fleire aktive deltakarar og vekselverknadar mellom desse. Dette studiet fokuserte på å kartlegge og kombinere risikolandskapet frå to predatorar samstundes for å seie noko om potensialet for risikoeffektar i møte med fleire predatorar. Hovudkonklusjonen var at risikobiletet er komplekst dersom ein tar høgde for variasjon i både tid og rom. Av di risikomønsteret er generelt kontrasterande mellom dei to predatorane, fins det få tilfluktsstader for rådyr, og det er avgrensa potensiale for å auke overlevinga ved å endre habitatval.