Hopp til innhold

Fakta om hjort

Hjort (Cervus elaphus)

Hjorten er vanleg over store delar av Europa og Nord-Amerika. I dei siste 50 åra har utbreiinga av hjort auka kraftig i Norge.

Hjorten er ikkje eit flokkdyr, men kan i perioder opphalde seg i grupper med til dels nært beslekta individ. Foto: Egill J. Danielsen.

Karaktertrekk, vekst og utvikling

Hjorten er vanleg utbreidd over store delar av Europa og Nord-Amerika. Norsk hjort (Cervus elaphus atlanticus) er ein av mange underartar. Utbreiingsområdet til den norske hjorten dekkjer Sør-Norge opp til Nord-Trøndeleg, med unntak av nokre få kommunar.

Pels og farge

Eit typisk kjenneteikn hos hjorten er den mørke hårstripa frå nakken og langs heile ryggen. Denne synest tydeleg både i den raudbrune sommarpelsen, og i den meir gråbrune vinterpelsen. Innsida og baksida av låra har eit lysare hårlag, og dette utgjer det karakteristiske speilet. Blir dyra skremt eller advart vert desse håra ofte sperra, og den lyse overflata gir skarp kontrast mot den øvrige pelsen.

Hjortekalv

Hjortekalven har kvite prikkar den første sommaren. Seintfødte kalvar kan ha dette mønsteret heile første vinteren. Foto: Johan Trygve Solheim.

Til forskjell frå dei vaksne, har nyfødte kalvar lyse prikkar på ryggen og langs sidene. Flekkane forsvinn gjerne utover sommaren, men hos enkelte kalvar kan dei sjåast gjennom heile vinteren.

Kolla går drektig i snaut åtte månader (ca. 230 dagar) og får vanlegvis ein kalv kvart år. Kalving skjer i månadsskiftet mai-juni og ved fødsel veg kalven 8-10 kilo. Dei tre-fire første vekene er den næringsrike morsmjølka heilt avgjerande for kalven. I denne perioden legg han på seg gjennomsnittleg 500-600 gram pr. dag og etter tre til fire månadar er fødselsvekta femdobla.

Mesteparten av dei unge bukkane vert kjønnsmodne som eit og eit halvt åringar. Blant kollene kan denne andelen varierer noko meir. Kjønnsmodning er nært relatert til kroppsvekt, og dyr med gode vekstforhold aukar sjansane for kjønnsmodning ved ung alder. I løpet av sin tredje haust, vil derimot nær 100 % av kollene kome i brunst og verte befrukta.

Hjortekolle på sommerbeite

Hjorten sin sommarpels er raudbrun. Skiftet til vinterpels skjer i oktober-november. Foto: Johan Trygve Solheim.

Kollene når full storleik omkring fem års alder og veg då mellom 80 og 120 kilo levandevekt. Skulderhøgda og kroppslengd frå snute til halerot er henholdsvis ca. 100-120 og 170-190 cm. Bukkane vert større enn hodyra og har ein lengre vekstperiode. Først ved seks til åtte års alder når dei full kroppsstorleik på opp mot 235 kilo.

Skulderhøgd og kroppslengd for ein vaksen bukk er omkring 120-140 og 210-230 cm. Den eldste viltlevande hannhjorten ein kjenner til i Norge, vart 16 år, medan eldste hodyr tilsvarande blei 25 år. Høg alder resulterer gjerne i redusert kroppsvekt og nedsett reproduksjon, og få dyr vert eldre enn 10-12 år.

Gevir

Berre hanndyra utviklar gevir. Geviret er viktig både for individa sin sosiale status og som våpen i kampar bukkane imellom. Det veks fram frå to vekstsenter (rosenkransar) på hovudet. I vekstperioden er geviret omgitt av eit hudlag (basthuda). Basten inneheld eit rikt nettverk med nerveceller og blodårer, og sørger på denne måten for vern og tilførsel av næringsstoff i vekstperioden.

Når geviret er vakse ferdig, tørkar basthuda ut og vert fjerna ved at bukken feiar geviret mot tre og busker. Hjorten ber geviret gjennom heile vinteren, og kastar det først i april-mai. Kort tid etter at det gamle geviret er felt tek eit nytt til å vekse fram, og etter cirka fire månader er eit nytt fullvakse gevirsett på plass.

Vårbukk før gevirfelling

Bukken feller geviret om våren og i løpet av sommeren vokser et nytt, større gevir ut så lenge hjorten er i vekst.  Foto: Egill J. Danielsen.

Det første gevirsettet vert utvikla ved eitt års alder. Dette består vanlegvis av 2 rette stenger, men dyr i god kondisjon kan utvikle gevir med fleire takkar allereie i så ung alder.  Dei 2 rette stengene har gitt opphav til ungbukken sine mange tilnamn (spissbukk, stilk, beinhynnel m.fl.) Med alderen får bukken større og kraftigare gevir, men det er ikkje slik mange trur, at hjorten får ein ny gevirtakk for kvart år. Dei største gevira vert utvikla ved sju til ti års alder, og kvar gevirstang har då vanlegvis mellom fem og sju takkar. Hannhjortar som er passert 10-12 år får gradvis dårlegare gevir, der både volummasse og antal gevirtakkar vert redusert. Slike bukkar vert gjerne kalla returbukkar.

Atferd, aktivitetsmønster og leveområde

Aktivitets- og kvileperiodar

Mykje av hjorten si tid går med til å ete og drøvtygge. I sommarhalvåret er det vanleg med 4-6 beiteperiodar gjennom døgnet, medan dette antalet vert redusert til 2-3 i vinterhalvåret. Den mest aktive perioden er natta og skumringstimane om morgon og kveld. Det meste av beitinga skjer derfor i dette tidsrommet, medan store delar av dagen går med til kvile- og drøvtygging.

Sansar og leveområde

Hjorten er eit typisk skogsdyr, og viser seg sjelden i ope terreng. Lukt og hørsel er såleis både dei viktigaste og best utvikla sansane. Nattsynet er også godt, men hjorten skil dårleg mellom fargar. Den kan derfor ha vanskeleg for å oppdage ein urørleg person, så lenge lukt eller lyd ikkje avslører vedkomande.

Medan enkelte hjortar er stasjonære gjennom heile året, kan delar av bestanden ha kortare eller lengre vandringar mellom sommar- og vintertilhaldsområda. Eit vanleg mønster er at dyra overvintrar i kystnære låglandsstrok med relativt milde og snøfattige vintrar, og flyttar etter snøsmeltinga oppover og innover i landet når våren kjem. Under dette vårtrekket kan ein mange stadar sjå store flokkar med hjort som beiter den første groen på innmarka.

Sosiale band

Kalv som dier kolle

Kalving skjer i månadsskiftet mai-juni og ved fødsel veg kalven 8-10 kilo. Den første tida legg kalve på seg 5-600 gram i veka. Foto: Johan Trygve Solheim.

Den første tida etter fødsel ligg kalven mykje og trykkjer medan mora held seg i nærområdet. I denne perioden oppsøker kolla kalven berre i korte periodar for å die. Kalven veks raskt, og etter ei vekes tid er han sterk nok til å følge mora. Frå no av er dei sjeldan langt frå einannan, og kalven lærer matvaner og atferdsmønster, som vil prege han resten av livet. For hannkalvar varer dette nære bandet omlag fram til to års alder. Hokalvar kan derimot halde seg saman med mødrene sine i fleire år, og utgjer på denne måten faste grupper av nært beslekta individ. Dei unge bukkane finn seg vanlegvis nye tilhaldsstadar utanfor mora sitt leveområde. Saman med andre bukkar kan dei halde saman i små grupper for ein kortare eller lengre periode. På denne måten held koller og bukkar seg skild frå kvarandre gjennom det meste av året.

Brunsttid

I slutten av september startar den årlege parringstida (brunsten). Samtidig som bukkane blir meir aggressive mot kvarandre tek dei no til å oppsøke kollene sine tilhaldsstadar. Hjorten er polygam. Dette tyder at ein hann kan pare seg med fleire hodyr same sesong, og det finst såleis ingen faste parbindingsforhold mellom bukkar og koller i parringstida. Når brunsten er på sitt mest intense, brukar dei vaksne hannane derfor all si tid og energi på å samle og forsvare større eller mindre harem av koller og ungdyr.

Hjortebukker måler styrke før brunsten

Hjorten sitt gevir fungerer som statussymbol og våpen i kamp med rivalar. Foto: Johan Trygve Solheim.

På grunn av sterkt redusert fôropptak og stor aktivitet under brunsten, kan bukkane ha eit vekttap på oppmot 30 % av si opprinnelege kroppsvekt. I denne perioden kan ein også høyre bukkane brøle til kvarandre, og i møte mellom rivaliserande hannar kjem det tidvis til harde kampar der liv kan gå tapt.

Vinteren, eit nålauge

På seinsommaren og hausten kan hjorten legge seg opp betydelege feittlager. Dette er energireservar som dyra tærer på gjennom vinteren når mattilgangen vert knapp. Dei vaksne bukkane, som gjerne er sterkt avkrefta etter brunsten, får det no travelt med å kome til hektene igjen. Skal dei overleve vinteren må dei finne nok næring til å bygge opp nye feittreservar, noko som ikkje alltid er like lett seint på hausten.

For å klare seg gjennom vinteren reduserer hjorten både aktivitet og stoffskifte. På denne måten minkar energibehovet og opplagsnæringa varer lengre. Dyret er no innstilt på å klare seg gjennom dei komande månadane på minst mogleg energi. Dette er også grunnen til at hjorten vanskeleg legg på seg gjennom vinteren, sjølv om han får rikeleg tilgang på god føde f.eks. gjennom fôring.

Habitat og fødeval

Kvantitet og kvalitet

Hjorten er klassifisert som ein så­kalla intermediærbeitar. Dette vil seie at den plasserer seg mellom dei artane som beiter mest selektivt, til dømes rådyret, og dei typiske grovfôrbeitarane, til dømes sau og storfe.

Hjorten er tilpasningsdyktig til ulike typer beite

Hjorten vel saftige og ferske planter framfor tørrare, eldre vekster. Foto: Egill J. Danielsen.

Generelt kan vi seie at hjorten vel ferske og saftige plantar framfor eldre, tørrare plantar. Våren er såleis ei fin tid for dyra; over alt spirer nye, grøne skot. I denne tidlege fasen vil svært mange artar vere attraktive, men mengdene av kvart slag er små. Hjorten beiter difor dei første spirene av mange ulike planter, i mange ulike vegetasjonstypar. Utover sommaren  blir det meir av kvart planteslag, medan proteininnhaldet etter kvart går ned. Hjorten sin naturlege respons på dette er å spesialisere dietten i noko større grad, og dei beste plantane blir mest beita. På ettersommaren og haustparten minkar tilgangen på gode beiteplantar, og menyen vert igjen meir variert.

Sommarmat

Dei undersøkjingane som er gjort i Norden syner at graminider (gras og halvgras) er den viktigaste plantegruppe sommarstid. Dei mest vanlege artane er smyle, kvein- og svingelartar og blåtopp. Ulike urter spelar og ei vesentleg rolle i sommardietten. På vårparten er kvitveis ein tydeleg favoritt. Elles blir artar som stormarimjelle, tepperot og gaukesyre mykje beita. Men, hjorten vel vanlegvis artar i tråd med tilbodet på staden.

Beiting av skot og lauv frå busker og tre er også svært viktig. Vanlege artar som blir beita er bjørk, hassel, rogn og selje, og av desse vel dyra rogn framfor bjørk og hassel.

Vinterfôr

Haust- og vinterdietten er prega av meir vedrik kost enn om sommaren. Dette skuldast både at fiberinnhaldet i gras og urter er høgt, men også at lyng, knuppar og kvist utgjer ein større del av fødemengda. Røsslyng og einer er to nøkkelartar. Desse vil ofte vere å finne heile vinteren, og blir mykje beita. Lyngartar som blåbær og tyttebær er populære beiteplantar så lenge snømengdene ikkje blir for store. Innimellom et hjorten òg ein del gras, men i små mengder.

Hjort som beiter på felt tre

Vinteren kan vere ei tøff tid, og hjorten beiter gjerne på felte tre. Foto: Egill J. Danielsen.

Når snømengdene aukar, skjer ein større del av beitinga i busk- og tresjiktet. Her tek hjorten knoppar og skot av artar som rogn, osp og selje. Likeeins er skot frå bartre, særleg gran, viktig føde.

Barkgnaging kan hjorten drive med heile året, særleg på tre som er felt av hogst eller vind. Barkgnaging på ståande tre er imidlertid mest vanleg vinterstid. Særleg kan det gå hardt utover unge tre som har tynt og saftig barklag. Frukttre, rogn, selje, kristtorn, furu, gran er mellom dei mest utsette treslaga.

Sesongtrekk og habitat/leveområde

Sjølv om enkelte hjortar er stasjonære gjennom heile året, kan delar av bestanden ha kortare eller lengre vandringar mellom sommar- og vintertilhaldsområde. Dei typiske overvintringsområde ligg ofte i kystnære og snøfattige låglandsstrok. Sidan hjorten sin aktivitet er innstilt på energisparing om vinteren, har dyra behov for eit mykje mindre leveområde i denne tida enn om sommaren. Medan eit sommarområde kan vere opp mot 10 km2, treng eit leveområde om vinteren ikkje vere større enn 1 km2. Vinterbestanden av hjort kan derfor vere svært tett innan attraktive overvintringslokalitetar.

Samtidig med snøsmeltinga tek hjorten til å trekke mot sommartilhaldsstadane. I forhold til overvintringsområda, ligg desse ofte lenger inn i landet og opp mot fjellet i gras- og urterik lauvskog med rikeleg tilgang på både skjul og mat.