Hopp til innhold

Beiteskader Elg Hjorteviltet

Elg og furubeite – korleis påverkar det naturlege matfatet beiteskader?

Artikkelen er hentet fra hjorteviltet-logo.png

I Hjorteviltet i fjor kunne me lesa at mange år med silo-fôring i Stor-Elvdal ikkje har redusert beiteskader av elg på furu. Kan me styra elgen sin vinterdiett bort frå furu gjennom kva me tilbyr den frå det naturlege matfatet?

Elg og furubeite – korleis påverkar det naturlege matfatet beiteskader?
Om vinteren kan furu vera ein viktig matkjelde for elgen viss tilgangen på anna beite er låg. Foto: Ingrid Bjørndal Foss

Elgen et alltid litt furu, uansett om den vassar i rogn, osp, selje og andre føretrekte beiteartar. Viss det står eit einsleg furutre så vil den verta beita, men viss det står ti furutre der vert kanskje berre to eller tre av dei beita.

 

Tekst: Ivar Herfindal (Institutt for Biologi, Senter for Biodiversitetsdynamikk, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet), Jean-Pierre Tremblay (Centre for Northern Studies, University of Laval, Québec, Canada ), Alison Hester (The James Hutton Institute, Aberdeen, Scotland) Unni Støbet Lande (Bioforsk Økologisk, Tingvoll), Hilde Karine Wam (Bioforsk Økologisk, Tingvoll)

Mange hjorteviltbestandar rundt om i verda har auka kraftig dei siste tiåra. Dette fører til auka konflikt mellom hjortevilt og menneske, slik som viltpåkøyrslar, overbeiting, skade på avlingar og skogskadar. Me er altså ikkje åleine om å oppleva utfordringar med høge tettleikar av hjortevilt, og det har dei siste tiåra vorte forska mykje på økologiske og samfunnsøkonomiske konsekvensar av det som ofte vert kalla unaturleg høge tettleikar av hjortevilt. Tiltak for å redusera konfliktane inneber ofte å halda hjorteviltet unna moglege problemområder, slik som motorvegar og jernbane, jordbruksland og ungskogbestand. Dei mest effektive tiltaka – kraftig nedskyting av hjorteviltbestanden og fysisk utestenging av dyra gjennom inngjerding av furuforyngingar – er svært ressurskrevjande eller det går ut over andre samfunnsinteresser. Det har difor vore auka fokus på om ein kan styra dyra sin arealbruk og diett gjennom endring i matfatet deira.

I Skandinavia har skogskadar som følgje av elgbeiting på unge furutre fått stor merksemd. I mange områder har storskala vinterfôring i form av silo eller rundballar vorte gjennomført i ei årrekkje, men få systematiske undersøkingar har vore gjort for å sjå på om desse tiltaka reduserer skogskadar på unge furubestand. Studiar frå Høgskolen i Hedmark viser derimot at dei samla skogskadane på furutre i liten grad er endra etter mange år med vinterfôring av elg i Stor-Elvdal.

Hjorteviltet opplever stadige endringar i det naturlege matfatet, gjennom hogst, skogfornying og ungskogpleie, og elgen utnyttar denne variasjonen gjennom å skifta mellom beiteområder og ved å endra dietten. Kan me tilpassa ungskogpleia slik at me styrer elgen sin diett vekk frå furu? For å undersøkja dette utførte me eit studie på graden av furubeite på beiteflater i 12 områder i Sør-Noreg som hadde beiteplanter av varierande tettleik og kvalitet som elgføde. Beiteplantene vart delt inn i føretrekt beite og anna beite, basert på i kva grad elgen på desse artane i høve til det som var tilgjengeleg. Rogn, osp, selje, vier og einer vart såleis definert som føretrekt beite, medan bjørk, og anna lauvtre (i hovudsak gråor) hamna i kategorien «anna beite». Gran var så og seia ubeita, og vart difor utelatt frå analysane. Furu var beita om lag som forventa basert på kor mykje furu elgen hadde tilgjengeleg, noko som stadfester tidlegare studiar som viser at furu kan vera ein viktig matressurs for elg, men er likevel ikkje ein beiteplante som vert føretrekt av elgen.

Basert på denne inndelinga av beitet såg me på om graden av furubeiting kunne forklårast med kor mykje og kva type elgbeite som var tilgjengeleg, i tillegg til tettleiken av furutre. Dette vart gjort på fire ulike skala. I) Beiteplot er det elgen har innan rekkevidde når den står og beiter, og kan sjåast på som matfatet den står i når den bestemmer seg for å beita eit furutre eller eit anna tre. II) Hogstflate er skalaen for praktisk skogsforvaltning, altså den skala som ungskogpleie skjer på og der ein raskast kan endra det naturlege matfatet gjennom ungskogpleie og tynning. III) Ein elg sitt vinterleveområde er om lag 10 km2, og det er innanfor dette området elgen tar avgjersler om kvar den skal gå for å finna mat. IV) Kommunenivå er skalaen for mykje av elg- og skogforvaltninga i Noreg. For kvart beiteplot vart det rekna tilgjengelegheit av føretrekt elgbeite, anna beite, og furubeite for dei ulike romlege skala. Dette vart så brukt for å sjå om sannsynlegheita for at eit furutre var beita på av elg kunne forklårast av beitetilgang og samansetnad, og kva romlege skala som best forklåra graden av furubeiting.

Det viktige er kor mange tre som er ubeita, ikkje kor mange tre som går tapt på vegen til hogstmoden skog. Foto: Hilde Karine Wam

Det viktige er kor mange tre som er ubeita, ikkje kor mange tre som går tapt på vegen til hogstmoden skog. Foto: Hilde Karine Wam

Eit av hovudresultata var at høg tettleik av furu gjev mindre sannsynlegheit for at eit furutre var beita. Det inneber ikkje at det alltid er færre furutre som er beita i eit beiteplot med mange furutre i høve til eit beiteplot med få furutre. Det er heller slik at me finn fleire furutre som er ubeita dess høgare tettleik av furutre som finst innanfor eit område. Desse funna tyder på at elgen ikkje vert trekt mot områder med høge furutettleikar, og et alt som finst der, medan den let områder med låg tettleik vera i fred. Den negative samanhengen mellom tettleiken av furu og graden av furubeite var gjennomgåande på alle romlege skala. For ein skogeigar er det tettleiken av ubeita tre som er viktig, og dette kan aukast ved ein større tettleik av furutre i utgangspunktet.

Kva så med det andre beitet? Det viste seg at samansetninga av beitet var viktig for i kva grad elgen utnytter furu. Dette var spesielt synleg på den minste (beiteplot) og største (kommune) skalaane. Høgare andel av føretrekte beiteartar (rogn, osp, selje) reduserte sannsynlegheita for at eit furutre var beita av elg. På den minste skalaen, beiteplot, var samanhengen mellom beitetilgang og graden av furubeite nokså komplisert. Ein stor tilgang på føretrekte beiteartar reduserte furubeite viss det samstundes var høg tettleik av furutre innanfor beiteplottet. Men viss det var få furutre og mykje føretrekt beite, var det svært stor sannsynlegheit for at furutrea var beita på. Det verkar altså som at elgen alltid et litt furu, uansett om den vassar i rogn, osp, selje og andre føretrekte beiteartar. Viss det står eit einsleg furutre i eit beiteplot vil det treet nesten alltid vera beita, men viss det står ti furutre der så er kanskje berre to eller tre av dei beita, og tettleiken av ubeita tre vil vera høgare. Denne beitinga av furu i beiteplot med stor tilgang på andre og meir føretrekte beiteartar kan forklårast med at furutrea har eit anna næringsinhald enn lauvtrea. Dette kan vera sporstoff som er nødvendige for elgen, men berre i små mengder, eller det kan vera andre eigenskapar ved furubaret som er bra for fordøyinga til elgen. Ein munnfull med furu i ny og ne kan vera nok for å dekkja behovet til elgen.

Sjølv om tilgangen på føretrekte beiteplanter innanfor den minste skalaen (beiteplot) gav ei god forklåring på sannsynlegheita for at eit furutre var beita, så var tilgangen av beite målt på kommunenivå den skalaen som best forklåra furubeitinga. Dette tyder på at å auka tettleiken av rogn, osp og selje på stor skala vil ha størst effekt på graden av furubeite. Dette kan visa seg å vera ei utfordring. Høge elgtettleikar har i mange områder gjort at det knapt nok finst produktive ungtre av desse artane. Spørsmålet er då om ein er heilt avhengig av desse artane for å redusera furubeitinga, eller om det hjelper også med anna beite slik som bjørk. Det viste seg at det var mindre furubeiting også viss den totale beitetilgangen var høg. Men sidan furu vert beita i like stor grad som bjørk om tilgjengelegheita er lik, så er reduksjonen i furubeiting mindre viss desse artane utgjer storparten av den totale beitetilgangen i høve til om rogn, osp, selje og vier var dominerande.

Resultata tyder på at reduksjon i furubeiting best kan verta oppnådd ved tiltak på stor skala. Det er altså ikkje nok å setja i verk tiltak på ei einsleg hogstflate; tiltaka må samordnast med naboområder, gjerne på kommunenivå. Våre analysar tyder på at å auka tettleiken av furutre samstundes som ein held tettleiken av føretrekt elgbeite på eit høgt nivå vil ha god effekt på kor mange ubeita furutre som blir igjen på ei flate. Det tyder på at ein bør vera varsam med ungskogpleie der ein ryddar lauv og tynner furubestandet. Dette kan gå på kostnad av tilvekst dei fyrste åra, men så snart furutrea har nådd øvre grense for elgbeiting (3 til 3,5 meter) kan ein ta unna lauvtrea som konkurrerer mest med furutrea om ljos og næring.

 

Fakta om skogsbeiteprosjektet

I ‘Skogsbeiteprosjektet’, som varte frå  2012 til 2014 møttest ei rekke skog- og elgforskarar for å finna ut korleis auka hogst påverkarr skogen som ressurs for ville og tamme klauvdyr, korleis dyra påverkar skogen og kva konsekvensar dette har for dei næringane som er involvert. Prosjektet har samla inn mykje og til dels nye beitedata, og dei fleste resultata vil koma i løpet av det næraste året. Du kan fortsatt følgja prosjektet på www.skogsbeite.no