Hopp til innhold
Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Feltkontrollørkurs Sauda

15.12.2017

Kurs i feltkontroll av hjortevilt i regi av Norsk Hjortesenter set jegerar og jaktvald i stand til å selje kjøt av hjortevilt til lokal detaljist (restaurantar og butikkar) og privatpersonar.

Oversikt over all planlagte kurs og arrangement i vår regi finner du her!

Feltkontrollørkurset er i utgangspunktet eit dagskurs beståande av kun teori, basert på ein omforeint bransjestandard Mattilsynet har gitt si tilslutning til. Men Norsk Hjortesenter har og tilbud om utvida kurset med ein praktisk del, og søker å legge alle feltkontrollørkursa opp mot kurs i slakting og partering.

– Vi vil tilby minst ein ekstra dag der kursdeltakarane får prøve seg på slakting og partering, for å styrkje fokuset på dei viktige hygieneprinsippa som må ligge i botn for å oppnå eit kvalitetsmessig godt produkt, seier Solheim.

– Det finst om lag 5000 valdsansvarlege i vestlandsfylka. Målet må vere at alle vald har ein godkjent feltkontrollør i sine rekkjer, seier Johan Trygve Solheim, som peikar på at kursa også har ein annan viktig funksjon:

– Dette vil gjere det flotte hjortekjøtet tilgjengeleg for fleire, seier Solheim.

Etter fleire år med gjennomføring av kurs er tilbakemeldingane gode. Flere viltmottak som Norsk Hjortesenter har kontakt med, konstaterer at kvaliteten på slakta dei får inn har betra seg allereie i første jaktsesong, og at prosentandelen av avviste viltslakt på grunn av dårleg hygiene og slaktepraksis har gått ned. Og mange kokkar som driv restaurant kan skilte med norsk vill hjort på menyen!

Ønskjer du meir informasjon om feltkontrollørkurset eller vil førehandsmelde kursinteresse, ta kontakt med Norsk Hjortesenter på hjort@hjortesenteret.no

FAKTA FELTKONTROLLØRORDNINGA

  • Med virkning fra 1. mars 2010 ble den nye matlova med tilhøyrande forskrifter for norsk matomsetning innført. Også omtalt som Hygienepakken. Skogbrukets Kursinstitutt (SKI) og Norges Skogeigarforbund (NSF) utarbeidde ein bransjestandard for feltkontroll av hjorteviltkjøt basert på dei nye krava. Den utarbeidde standarden har fått Mattilsynet si tilslutning. Norsk Hjortesenter og Matnavet på Mære stiller seg bak standarden.
  • Ein kursa og godkjend feltkontrollør får retten til å kvalitetsgodkjenne og attestere jaktlaget sitt viltkjøt, slik at dette kan seljast og omsetjast til lokale detaljistar.
  • For å ta kurset må ein jeger ha minst fem års jakterfaring og ha slakta minst 20 hjortevilt.
  • På kurset får ein kunnskap om lovverk, administrative reglar, hygiene, kva som påverkar kjøtkvalitet, miljøforureining og mykje meir.

 

Detaljer

Dato:
15.12.2017
Hjemmeside:
http://www.hjortesenteret.no/arrangementer/

Arrangør

Norsk Hjortesenter
Epost
hjort@hjortesenteret.no

Vet du om en aktivitet som bør føres opp i kalenderen?
Kontakt oss på e-post: post@hjortevilt.no

Takk for hjelpen!