Hopp til innhold

Arealbrukskonfliktar

Ei ny tid med meir elg og hjort

Parallelt med den store bestandsveksten av skoglevende hjortevilt har det blitt meir fokus på konfliktar mellom hjorteviltet og menneska sin arealbruk.

Hjort som beiter på gjødsa innmark er ein klassisk arealbrukskonflikt. Bonden ønskjer høgast mogeleg avling, og hjorten likar naturlegvis det friske graset. I enkelte område er denne typen konfliktar utbreidd. (Foto: Johan Trygve Solheim)

Bestandsveksten har både skapt historisk høge tettheitar i ”gamle” hjorteviltområde og gjort at hjorteviltet har tatt i bruk ”nye” område. Dette er konfliktar der hjorteviltet sin mengd og åtferd ofte blir sett på som problemet. På den andre sida har ein arealbrukskonfliktar knytt til villrein og menneske sitt bruk av høgfjellsareal. Villreinen har ikkje opplevd den same bestandsveksten som dei andre hjortevilta og i dette møtet mellom menneske og dyr er det menneska sin bruk av naturen som blir problematisert.

Jord- og hagebruk kontra hjortevilt

Hjorteviltgjerder kan nyttast til å begrense arealbrukskonfliktar. Foto: Egill J. Danielsen.

Dyrking av frukt og grønsaker i område med mykje hjortevilt kan vera utfordrande og i mange områder har dette i periodar medført store avlingstap. Økonomiske tap som konsekvens av beiteskader av hjort på fruktdyrkingar er kjent tilbake til minst 1960-talet. Frukt og grønsaksdyrking er vanlegvis jordbruksformer som har stor avkastning per arealeining og der tiltaka kan fokusere på avgrensa areal.

Beiteskader på eng, spesielt nydyrka eng, kan og vera omfattande sjølv om tapet per areal er mindre enn for frukt og grønsaker. Der avlingstapa har vore store er det spesielt for fruktdyrking blitt bygd gjerder som effektivt hindrar hjortedyra å kome inn på dyrkingsområda, men dette har vore mindre vanleg for eng.

Kommunale viltfond kan omsøkast for finansiera slike hjorteviltgjerder.

 

Skogbruk og hjortevilt

Elgen og hjorten sin beiting medfører dei største skadeproblema for skogbruket i Norge. Elgen sin beiting på ungfuru er det mest kjente tilfelle av konflikt mellom hjortevilt og skogbruk. Beiteskader frå elg i vinteropphaldsområde har mange stader medført at det er vanskeleg å få furu til å vakse opp og det har vore betydelege økonomiske tap.

Hjorten beiter også på furu, men det største økonomiske tapet kjem av borkgnag på planta gran i hogstklasse 3 og 4 på Vestlandet. Dette borkgnaget fører med seg råteproblem som kan spreie seg i heile stammen frå beitesåret. Undersøkingar tyder på at skadeproblematikken er størst i nærleiken av innmark, i snøvintrar, og dersom det er lite alternativ mat i granplantingane.

Samferdsle kontra hjortevilt

Bilar og tog tek kvart år livet av om lag 6000 hjortevilt. Rådyr, elg og hjort er spesielt hardt råka og dette medfører også omfattande kostnader for samfunnet (personskadar og materielle skadar). Det er grunn til å tru at det visse stader kan ha effektar også på bestandsutviklinga, spesielt for rådyr der 4-5000 dyr blir drept kvart år.

Påkøyrslene er mest talrike der ein har mykje trafikk og relativ høg fart samt høge tettheitar av hjortedyr. Dei fleste ulukkene skjer i vinterhalvåret, i den mørke delen av døgnet. Det mest effektive tiltaket er viltgjerder for å lede dyra til kryssingspunkt (over- eller underganger, viltsluser), men også fôring av dyr for å hindre kryssing, kantrydding og/eller presis skilting kan vera effektive tiltak.

Arealinngrep kontra hjortevilt

Oppsplitting og tap av areal er eit av dei største miljøproblema globalt sett. Arealinngrep gjer at mengda natur utan tekniske inngrep blir sterkt redusert også i Noreg. Spesielt for villreinen som er den mest sårbare for menneskelege forstyrringar og stress av våre hjorteviltartar, er dette eit trugsmål. Turisme, hyttebygging,  vegar og jernbane, kraftutbyggingar og andre inngrep kan innskrenke arealbruken til villreinen og gjera forflyttingar vanskelegare.

For dei andre hjortevilta kan arealinngrep også vera veldig negativt, men grunna den store bestandsveksten hjå rådyr, elg og hjort, og at dyra tolerer meir forstyrring enn villreinen, har ein her ikkje vore så opptatt av dei bestandsmessige konsekvensane.

Til dømes er vegar og jernbane er store arealinngrep i naturlege habitat for hjorteviltet og det er viktig at kommunar samarbeider med Statens vegvesen og Jernbaneverket om å få til god planlegging av trasear i forhold til både landskapsøkologi og lokalkunnskap om viltet sin rørsle i landskapet.