Hopp til innhold

skrantesjuke Villrein

4156 villrein felt i jakta – ingen med skrantesjuke

I årets villreinjakt vart det felt færre villrein enn på 13 år. Ingen av dei felte reinane har fått påvisst skrantesjuke (CWD), men det er enno for tidleg å friskmelde bestandane.

4156 villrein felt i jakta – ingen med skrantesjuke
Villreinbukk. Foto: Jan Vidar Akselberg, NINA

Av 10 575 fellingsløyve i årets villreinjakt vart det til slutt felt 4 156 villrein. Dette er ein nedgang på omtrent 1 400 dyr frå i fjor.

I år har det vore knytt stor spenning til om jakta avdekka fleire tilfelle av skrantesjuke. Det har vore krav om å sende inn prøver til analyse for all villrein over 1 år. Klassisk skrantesjuke er tidlegare påvist hos 19 villrein i området Nordfjella sone 1. Som følgje av sjukdommen vart heile bestanden avliva gjennom jakta i fjor haust og statleg uttak sist vinter.

For at Mattilsynet skal kunne friskmelde dei andre bestandane trengs ein viss mengde negative prøver. Friskmelding av bestandane er viktig for villreinforvaltninga og avgjerande for å reetablera bestanden i Nordfjella sone 1.

Jegerane har vore flinke til å sende inn hjerneprøver og lymfeknutar til Veterinærinstituttet for analyse, og i år kom det til saman inn om lag 2800 prøver frå villrein.

– Ingen skrantesjuke vart påvist blant prøvene frå villreinjakta. Det er positivt, og gir håp om at strategien med sanering og brakklegging kan lykkast. I Nordfjella sone 2 og Hardangervidda er det likevel felt for få rein for å oppnå ønska framdrift for friskmeldinga av bestandane, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.

Treng å vite at dyra i naboområda er friske  

Det er mest kritisk å få inn nok prøver frå bestanden i Nordfjella sone 2. Dette området ligg inntil sone 1 og rein her kan ha hatt kontakt med smitta dyr frå sone 1. I tillegg er Hardangervidda viktig fordi området grensar mot sone 2. Desse to områda er i tillegg mest aktuelle å bruke i reetableringa av sone 1.

I sone 2 vart det i årets jakt felt 72 dyr av ein bestand på omlag 500 vinterdyr. Med årets prøveuttak har ein ifølgje Veterinærinstituttet kun sannsynliggjort at det er om lag 65 prosent sikkerheit for at bestanden i Nordfjella sone 2 er smittefri i henhold til kriterier gitt av Mattilsynet. Det hastar med å få meir kunnskap om ein skal oppnå tilstrekkeleg sikkerheit i løpet av brakkleggingsperioden på 5 år. Og om det finst sjuke dyr, er det viktig å oppdage dei tidlegast mogleg, sidan sjukdomen blir vanskelegare å bekjempe dess lenger han får utvikle seg.

Spesielt bukkar har stor verdi i friskmeldinga av flokkane, fordi det er dobbelt så stor sjanse for at bukkar er smitta som simler. I Nordfjella sone 2 sto bukken vanskeleg tilgjengeleg i fjellet, og med krevjande jaktforhold vart bukkeuttaket lågt.

På Hardangervidda vart det felt uvanleg få dyr i år, med 700. Talet på fellingar her har variert mykje. Så seint som i 2014 var fellingstalet oppe på 2 600 dyr, i fjor var det 1 400. Årets fellingsresultat følgjer av ei restriktiv tildeling av fellingsløyve for å bygge opp bestanden mot eit bestandsmål på 10 000 vinterdyr.

– Jakta styrer i stor grad tilgangen til prøver. Ein har dessverre ikkje nokon god erstatning for prøver tatt frå døde dyr. Vi har ein dialog med lokale villreinnemnder og utval om korleis ein kan oppnå eit betre uttak gjennom jakta til neste år. Også andre tiltak må vurderast, blant anna behovet for ekstraordinært uttak i Nordfjella i løpet av vinteren, seier Hambro.

Miljødirektoratet og Mattilsynet har i fellesskap bedt om råd frå ei fagleg ressursgruppe om kor kritisk framdrift i friskmeldinga er, og kva som er dei beste måtane å oppnå dette på.

Flest fellingar i Reinheimen-Breheimen

I år vart det felt flest dyr i Reinheimen-Breheimen villreinområde med 842 dyr. Dette er monaleg høgare enn gjennomsnittet for dei siste fem åra, 660. Reinheimen-Breheimen går med dette forbi vårt største villreinområde Hardangervidda i årets fellingsstatistikk.

Det låge fellingstalet på Hardangervidda synast godt i den nasjonale fellingsstatistikken. At det er 2 000 færre rein i Nordfjella trekker sjølvsagt også ned totaltalet på dyr felt. I tillegg har det også vore lågare uttak enn vanleg i Knutshø og Setesdal Austhei. Også i desse områda er dette grepet tatt for å bygge opp bestandane.

 

 

Fakta

 Skrantesjuke og hjortevilt i Noreg

·        Skrantesjuke er ein dødeleg prionsjukdom som finst hos hjortedyr.

·        I Europa er klassisk skrantesjuke berre funnen hos villrein frå Nordfjella. Ein atypisk variant er i Noreg funnen på fire elg og ein hjort, alle eldre dyr.

·        Over 60 000 hjortevilt har blitt testa for skrantesjuke i Noreg, sidan det første tilfellet vart oppdaga i 2016. Kartlegginga av skrantesjuke baserer seg i stor grad på prøver frå jakt.